Ingen varer i handlekurven

Logg inn

Har du ikke bruker? Registrer deg

Har du glemt passord? Tilbakestill

HjemArtiklerMaria Tryti Vennerød om vald, makt og om å finne formen i «Nære relasjonar»

Maria Tryti Vennerød om vald, makt og om å finne formen i «Nære relasjonar»

13 A8019 liggende sh Jarli Jordan

Maria Tryti Vennerød er eit kjent namn for mange teaterinteresserte. Ho har vunne mange prisar for dei dramatiske verka sine, blant anna Ibsenprisen i 2005, og ho har skrive fleire diktsamlingar. No er ho aktuell med boka Nære relasjonar. Her fortel ho om korleis det var å skriva sin første roman.

Om idéen

Eg fekk ideen til Nære relasjonar for ca 10 år sidan, da eg kom i snakk med ein mann som hadde opplevd fysisk vald frå ein kvinneleg kjærast. Historia hans gjorde inntrykk på meg, eg fekk mange tankar og kjensler og kjende at tematikken er tabubelagt og litt forvirrande, fordi vi er meir vande med å høyra om kvinner som blir slått av menn. I åra som følgde så høyrde eg tilfeldigvis om fleire menn som fekk bank av kvinnelege kjærastar. Ganske mange, eigentleg. Ofte ikkje så alvorleg, meinte gjerne mennene sjølve, og dette merka eg meg med, at mennene i stor grad forstod og unnskyldte kvinnene som slo dei. Dei meinte at dei sjølve ikkje tok skade av det. Eg fekk lyst å skriva om det, å bruka «kvinne som slår mann» som litterært motiv, men sidan det ikkje var «mi» historie så let eg det ligga.

Ei tid seinare kom litteraturvitar, filmskapar og tidlegare kjønnsforskar Jørgen Lorentzen til meg og fortalde at han hadde gjort eit forskingsprosjekt om vald mot menn i nære relasjonar. Han lurte på om eg ikkje kunne skriva noko, kanskje eit teaterstykke, med utgangspunkt i dette. Eg hadde jo alt tenkt på dette i fleire år, og interessert meg for temaet, utan å kjenna at det var mitt. Da ideen blei lagt fram for meg frå eit heilt anna hald, kunne eg ta eigarskap på stoffet og etterkvart sirkla meg inn mot noko eg kunne jobba med. Likevel tok det nokre år før eg fann min kunstnariske inngang inn i dette.

Etter kvart forstod eg at fokuset ikkje treng å vera på at valden skjer i ein slik dynamikk, eller kvifor kvinna blir fysisk valdeleg, men korleis dette kan få foregå over tid, ikkje minst når mannen som regel er fysisk overlegen. Eg ville undersøka kva det er med hans syn på seg sjølv og henne, som gjer valden mogleg. Denne forhandlinga om identitet og roller, blei eg veldig opptatt av. Ein person som ikkje identifiserer seg som offer, kan kanskje lettare kan bli verande i eit destruktivt forhold.

Menns smerte, og vegringa både menn og kvinner ofte har for å ta denne smerta på alvor, interesserer meg også. Det viktigaste for meg i Nære relasjonar er likevel ikkje at han er mann, men å forstå korleis to som elskar kvarandre kan hamna i ein så destruktiv dynamikk. Etterkvart i skrivinga vart eg opptatt både av kvifor ho slår og kvifor han ikkje slår tilbake, og av at det er mogleg å stilla spørsmål om hans medverknad, sjølv om han er offer. Kanskje er desse spørsmåla lettare å stilla når det er mannen som blir slått. Kven som er sterk, kven som er svak, kven som har makt og kven som kjenner avmakt, er storleikar som kan flyta inn kvarandre.

Om forma

Våren 2018 var eg tilknytt skrivefellesskapen Bergman Studio på Dramaten i Stockholm, og eg blei invitert til å bidra med ein liten tekst i samband med Bergman-året – dette sette meg i gang. Teksten eg bidrog med var ein slags kick-off til det som no har blitt roman, men sett i ettertid var nok teksten eigentleg ein monolog.

I arbeidet oppdaga eg at eg befann meg i eit grenseland mellom prosa og dramatikk. Lenge var eg usikker på om teksten skulle bli ein scenetekst (monolog) eller ein roman. Etterkvart kjende eg krafta i at vi berre fekk fortalt korleis den mannlege hovudpersonen oppfatta dette forholdet, i staden for at det utspelte seg framfor auga våre. Slik kunne eg gå inn i spennet mellom det som faktisk skjer og det vi forstår at skjer, altså spennet mellom ulike perspektiv, og mellom den indre og ytre verda. Det blei interessant at han som fortel, nokre gonger kan lyga for lesaren og kanskje også for seg sjølv. Det blei etterkvart tydeleg for meg at eg ville prøva å skriva min første roman.

Det er kjent at det å gå frå roman til drama er krevjande, men eg kan vitna om at det er vanskeleg andre vegen også! Dramaet er jo sparsamt med info og overlèt vanlegvis mykje meir tolkningsrom til regissør og skodespelarar. «Regien», altså fargelegginga, har no måtta gjerast av meg sjølv – kort sagt har eg måtte skriva inn mykje meir enn før. Å forstå kva som er nødvendig og som tilfører historia noko og kva som er overskildrande «daukjøtt», har tatt lang tid. Eg har vore opptatt av å bevara ambivalensen og tolkningsrommet og gåta, for eg tenker jo på sett og vis at det er ei gåte at ting får gå så langt i eit forhold, at ein kan ha oppført seg så ille eller tillate så mykje å skje, nokre gonger kan ein også mista taket litt på kva som skjer eller kva som har skjedd, at samanhengande er der, men at ein mister litt taket på dei – slike forskyvde opplevingar av verkelegheita har eg prøvd å formidla gjennom romanen.

Medan eg har jobba med å utvikla versjon etter versjon av romanen, har ein versjon frå 2020 blitt liggande på Det Norske Teatret. Denne 2020-versjonen låg mykje tettare på sceneteksten eg skreiv i Stockholm, og no har Det Norske Teatret bestemt seg for å oppføra den i januar 2024. Så da finst plutseleg materialet i to versjonar! – som står sjølvstendig i forhold til kvarandre.

Om makta og valden i oss alle

Eg sirklar ofte rundt tema som ansvar og skuld, styrke og svakheit, fridom, makt og avmakt. Eg likar litterære motiv og historier som utfordrar meg sjølv og lesaren etisk, slik at det ikkje er heilt lett å ta stilling til kva som er sant eller rett. Slik er det også denne gongen. Alle menneske har styrke og svakheit i seg, og eg trur alle har potensialet til å bli både offer og overgripar. Dei destruktive sidene våre kan henga saman med behovet for å forsvara seg, og er del av menneskenaturen, og kan ikkje berre fjernast. I staden trur eg vi er tente med å anerkjenna og prøva å forstå kreftene og ambivalensen som spelar i oss, og mellom oss.