Ingen varer i handlekurven

Logg inn

Har du ikke bruker? Registrer deg

Har du glemt passord? Tilbakestill

HjemBøkerSkjønnlitteraturRomanerNære relasjonar
9788234709661 org

Nære relasjonar

399,-

«Ho stod framleis med ryggen til. Eg forstod ikkje kvifor stemninga var snudd. Hadde lyst å ta rundt henne, men måtte venta til augeblinken var rett. Ho ville visst vera i fred; ho verka skjør og rasande på same tid, men det var ikkje nødvendigvis på grunn av meg. Det hjelpte å tenka sånn. Tanken på at eg kunne handtera henne, uansett kor urimeleg ho var, var ikkje berre til hjelp, den rørte meg på ein underleg måte.»


Are har lova seg sjølv å ta ein pause frå damer, men når ungdomsforelskinga Kine dukkar opp igjen, skjer det som må skje. Kine har hatt mange dårlege forhold, og Are ønsker å gjera henne trygg. Dei flyttar saman og alt ser ut til å gå bra. Da Kine slår første gongen og dei blir forsonte etterpå, får han kjensla av at han aldri har vore så nær nokon før.


«Nære relasjonar» viser kor vaklande maktbalansen i eit forhold kan vera, og korleis grenser kan bli forskyvde, umerkeleg og på kostnad av eigen integritet.

Informasjon

ISBN/Varenummer
9788234709661
Forlag
Bonnier Norsk Forlag AS
Utgivelsesår
2023
Sideantall
173